Hansen tok dei fire barna sine med på kino.
Han er vår beste spelar.
Det er til vår fordel.
Men vi for vår del vil unngå det.
Det er nok februar som er mest aktuelt for vår del, seier Salsten.
Han fekk sin del.
Dei fekk deira del av utbyttet.
Dei bur på kvar sin kant.
Det er mi klare og urikkelege overtyding.
Det er folket sin favoritt.
Det er staten sitt ansvar.
Det er Pers store mål for sesongen.
Han skal aldri setje sine bein her.
Mannen såg far sin.
Mannen såg far sin.
Mannen såg far sin.
Mannen såg mor mi.
Mannen såg son hans.
Mannen såg søster si.
Det er vanskeleg å skjønne dets formål.
Det er dens skrøpelege tilstand som øydelegg saka.
Men i mine auge må det bli sånn.
Han elska av alt sitt hjarte.
Det var deira feil.
Det er slik etter mitt syn.
Våre tankar går til nokon.
Vi skal vise vår støtte.
Støtta deira går til Flyktninghjelpen.
Det kan du høyre for ditt indre øyre.
Du må vaske øyra dine.
Det var vår aller siste dag.
Det er vår del av saka.
Det er vår del av pengane.
Det er vår halvdel av saka.
Dette er vårt felt.
Skomakar, bli ved din lest.
Det skjedde på vår kant av byen.
Han lånte sitt øyre til nokon.
Dette er klubben i mitt hjarte.
Eg likevel open for å knyte kontaktar med veldig mange andre eg møter på min veg.
Kor mange i hennar generasjon ville finne seg i ordninga med å innhente løyve frå pappa for å kunne inngå ekteskap, undrar skribenten.
Ein slags «kvartlivskrise» som nok treffer mange i min alder.
Ei fantastisk sterk tid for hans aldersklasse.
Vi var interessert i eit møte for å høyre om utstyret hadde gjort si nytte.
Min storfavoritt heiter Dalton Grant.
Han sjølv har vore utsett for seksuelle overgrep i sin barndom og oppvekst.
I hennar stad spelte Kristine Leine frå Røa i midtforsvaret.
Eg skal kjempe for min plass på Stortinget.
Eg har ein feel-good-boks, og eg har ein boks med bilete frå hytta mi, ei lita seterbu, som er min kjæraste stad på jord.
Libanon har ein spesiell plass i våre hjarte, seier Parly.
Det er ein svært personleg, delvis trist, delvis sint og på sine stader også morsom roman.
Også helseminister Bent Høie (H) sender sine tankar og medkjensle til dei pårørande.
Våre tankar og vår medkjensle går til dei pårørande.
Eg kjenner mange i min situasjon.
Det er langt mellom folk av hans kaliber.
Eller er di meining om meg ikkje mitt ansvar?
Trump har hausta sterk kritikk for sin manglande vilje til å ta klar avstand frå høgreekstreme grupper.
Vi skal gå gjennom lisensdokumentet og vil gjere oss opp vår meining om det før vi gir vår aksept.
Har du vorte gjord til romanfigur mot din vilje, vil du erfare at det blir så å seie umogleg å forsvare seg.
Det vart vår misjon.
Men eg har noko viktig å formidle, så programmet har sin misjon.
Alle lag har sine gode og dårlege sider.
Ho vil hugse 2014-leikane for sine triste og gode stunder.
For å vise vår gode vilje, har vi bestemt ikkje å angripe politistyrkane.
No har André hatt sine grunnar til at han ikkje har satsa tidlegare.
Det var hans dag i dag, seier Ruud.
Morgan Freeman er tiltenkt rolla som Mandela på hans eldre dagar.
Dette er akkurat hennar type vêr.
Han vart assistert av sin landsmann Matthías Vilhjálmsson då han skåra.
I mellomtida skal altså hans landsmenn ut i åttedelsfinale.
Britane vil ha full kontroll over kven som fiskar i deira farvatn.
Eg blir sterkare for kvar dag og takkar Gud for hans nåde i kampen mot denne fryktelege sjukdommen.
Den klart beste spelaren i min generasjon.
I mi tid her er dette vår beste presentasjon.
Hans død fører til djup sorg i heile Frankrike.
Dei gamle setlane har med andre ord ikkje mista sin verdi sjølv om dei ikkje lenger sirkulerer som betalingsmiddel.
Alternativ A er mi tilråding.
Eg har ein samansett bakgrunn, som former mi frykt, mine interesser og mine meiningar.
Måndag innførte regjeringa tiltak som gir guvernørar og ordførarar rett til å innføre portforbod i deira område.
Obama blir hylla for sin evne og vilje til forpliktande samarbeid.
Tre andre biskopar støttar Rosemarie Köhn i hennar aksept av homofile.
Det er ikkje første gongen den erfarne forhandlaren og meklaren tilbyr si hjelp i spørsmålet om Nord-Korea.
Vi ønskjer av heile vårt hjarte at samlinga kan gi støtte til de som ber den største sorga.
Det var hans kveld.
No må kvar einaste borgar ta sitt ansvar, understreka han.
Vi treng verkeleg å kjenne jula, sjølv om vi ikkje kan vere saman med våre kjære.
Ti songar som alle tek opp i seg det at dei er skrivne under vår tids pest.
I heile hans vaksne liv har idretten teke nesten all fritid.
Chappelle blir rekna som framståande på sitt felt.
Kinas romfartsprogram er framleis i sin spede barndom.
Du har vore ein inspirasjon for meg gjennom heile min ungdom.
Det er i vår interesse å forsvare våre felles verdiar.
Vi må sørgje for at alle som kan, faktisk jobbar heimanfrå, og at arbeidsgivarane tek sitt ansvar.
Det var status quo i heile hennar periode.
Mange har stor familie med dine, mine og våre barn.
Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank1 slår fast at utviklinga i Kina kan få direkte følgjer for di og mi lommebok.
Viss det var di eller mi mor som låg døyande i den tunnelen, ville vi ønskje å sjå scenen kringkasta til heile landet?
Retten er ikkje i tvil om at fetteren såg det slik at han hadde fått samtykke til å ha samleie med kusina si, og at både hans og hennar foreldre også forstod dette.
Trine – du er vår og min leiar.
Ved sida av Johnson vart også kona hans og dei to unge døtrene hans koronasmitta.
Ho oppheldt seg i huset til besteforeldra i bydelen Queens i New York, der onkelen hennar og dei fire søskena hans vaks opp.
Kjærasten hans er livet hans og hans største kjærleik.
Far min spelte for Raufoss.
Ikkje så festleg når bestemor hennar sit der og held på å få hjartestans.
Ein av svirebrørne hans fann forteljingane til Baronen så morosame at han fekk dei gitt ut.
Det eigentlege målet hans er å finne bror sin.
Svigerdotter deira, Dagny Garborg, budde på staden heilt til ho nyleg døydde.
Nære, varme songar frå svunne tider, der både den gamle far hans og sonen var å høyre på plata.
Ho visste jo ikkje at eg to månader tidlegare hadde vorte nekta rom på Jarnvägshotellet i Kiruna fordi far og mor mi hadde samekufte på seg.
Ho grunngir søknaden sin med at ho er i slekt med Ari Behn - og hadde god kontakt med tippoldefar hans, som var hennar eigen bestefar.
Sistnemnde fullførte turneringa sjølv om svigerfar hennar døydde i helga.
Støttespelarar har hevda at rolla hans i drapet var relativt liten (i konteksten eig.: "hans rolle")
Ein introduksjon til avdelinga med samarbeidet mitt med Odd.
Åtvaringa til russarane kjem av at trenaren deira (Ambros Martín) helste på den russiske handballpresidenten.
Vi vart samde om at forhandlarane våre straks skal møtast igjen.
Heller ikkje sambuaren hennar Tor Mikkel Wara var til stades i lokalet.
Alle desse landa, dei tek pengane våre og stemmer så mot oss.
Før han vart arrestert, hadde han vore i kontakt med psykolog på grunn av dragninga si mot små barn.
Maxwell arrangerte sexmøte for henne med prins Andrew i huset sitt i London.
Bortgangen hennar sist fredag betyr at berre tre av dei åtte dommarane som er att, er utnemnde av demokratiske presidentar.
Demokratiet i heimlandet hans Venezuela, vart undergrave.
Der finst alle instrumenta mine.
Ei utvising av søskenparet etter 17 år i Noreg ville innebere eit brot på menneskerettane deira.
Eg vil helst gi andreplassen min på lista til han.
USA lovar å trekkje styrkane sine ut innan 14 månader.
Så tenkte eg å lage ei plate med vanlege songar og la favorittsongarane mine syngje dei.
Etter at alle har skapt og framført songane sine og kommentert dei andres bidrag, blir resultatet tilgjengeleg.
Departementet sitt alternative forslag om vidareføring av dagens rettsstader vart presenterte som ein siger for distrikta.
Dei gjekk av på stasjonen ved Rådmannsgatan, gjekk opp Sveavägen og spaserte mot Grand kino, der dei møtte sonen Mårten og kjærasten hans.
Eg prøver å fokusere på arbeidet mitt og ikkje slite meg ut.
Dei landa som ikkje vil sende bidraga sine fysisk til finalen i Rotterdam, får dermed løyve til å spele heime.
I boka deler eg mine beste løyndommar og favorittoppskrifter.
Koronakrisa har sett lærarstanden på si vanskelegaste prøve i moderne tid.
Fagrørsla og heile venstresida i norsk politikk har pensjon frå første krone som eit av sine viktigaste krav.
I mi tid her er dette vår beste prestasjon.
Casper Ruud er rangert som nummer 30 i verda, hans høgaste plassering på rankingen.
Altaire runda av veka med sin andre gode fangst for året.
Selskapet fekk inn sin første store ordre sidan flymodellen 737 Max vart sett på bakken.
Eg tenkjer spesielt på organisasjonar og institusjonar i vennleg innstilte land, kollegaene mine, familien min og mi kjære hustru Madeleine.
Viss eg skal slå dei, må eg vere opp mot mitt beste.
Dette er vår mest sette kamp til no.
Men for å få fatt i dei måtte eg gi avkall på ein av mine aller kjæraste Elvis-eigedelar.
Vasskrafta er vår viktigaste og mest fleksible fornybarkjelde.
Taylor Swift seier til sine minst 200 millionar følgjarar på sosiale medium at Biden vil innleie ein heilingsprosess i USA.
Det var hans første store offentlege oppdrag og er ifølgje Store norske leksikon det einaste av dei større arbeida hans som avslører ein innverknad frå samtidig skulptur.
Dette er kanskje mitt siste store klubbytte i karrieren.
Det er ikkje lenge til vi presenterer vår neste store nyheit.
Eg vil formidle den fantastiske og tragiske historia hans.
Vi har fått ein heilt unik tilgang til Rick Kirkham, der han får fortelje den utrulege og heilt usensurerte historia si ein siste gong.
Lucky Bullets-vokalist Knud Kleppe (33) gliser muntert til sin nye, gamle venn.
Snus er endå meir populært enn den kjære gode kanelbollen vår.
Derfor må dette vere Ernas siste budsjett.
Dette har utvikla seg til å bli NRKs flaggskip under tittelen «Texas på Landsskytterstevnet ».
I dag vart Facebooks Oslo-kontor offisielt opna.
Patrick MÅ vere Noregs hærførar i VM!
Alexander Skorpen var Noregs representant i spyd.
Dette arbeidet passar veldig godt inn i FNs år for urfolksspråk.
Her ligg det òg nærare informasjon om Telenors tilbod.
At 2020 vart eit spesielt år blir ikkje minst reflektert i NRKs tradisjonsrike programpost «Årsrevyen».
Vi meiner passasjerane der bør få glede av sosiale rabattar på lik linje med NSBs kundar.
Get og Futurehome har lenge vore ein del av Googles utviklingsprogram.
Etter besøk på indre og ytre Helgeland tysdag, held Støre fram reisa si nordover onsdag.
Om ei veke opnar daglegvarekjeda sin første søndagsopne butikk.
I dag bruker NSB målingane sine på kundetilfredsheit internt til forbetringar.
I det sjette løpet tok Geir Vegard Gundersen sin andre siger for dagen.
Hadde eg kasta jernstenger eller ramponert staten sin eigedom, ville eg gått fri.
No har alle daglegvarekjedene sine fordelsprogram.
Eg tykte det var veldig fint å spele av bidraget til kollegaene mine på kjøkkenet mitt om morgonen.
Handskrifta til vennene mine er lett å kjenne igjen.
Trenarinteressa har auka hos 43-åringen etter at onkelen og trenaren hans, Roger Mayweather (59), døydde i mars.
Både mor og far hans var lærarar.
Han blir dømd for å ha misbrukt både stillinga og tillitsforholdet sitt.
Eg konsentrerte meg om mine eigne oppgåver.
Viggo Mortensen har lenge vilja regissere, men dei ulike forsøka hans har støytt på utfordringar.
Særleg forholdet til den fråverande far hans har gitt opphav til mange av bøkene.
Folk sat klistra til TV-en for å høyre dei forvirrande forklaringane hans i Moskva.
Mol/Sørum viste god form gjennom turneringa og vann både den innleiande gruppa si og semifinalepuljen.
Visepresidenten endrar likevel ikkje den innhaldsrike reiseplanen sin i valinnspurten.
Utvendig følgjer han stilen til dei større SUV-søskena sine 3008 og 5008.
Det som var det siste løpet hans i Racing Point-laget.
Det er ikkje mitt lodd å involvere meg eller bruke mykje energi på det.
